Arja Bok 4, «Stifinnar» kjem neste år!

Bok 4, den siste i Arja-serien, kjem rundt påsketider 2022. Dermed har Arild skrive og utgjeve 4 bøker (tilsaman 1600 sider) på to år, midt i landets uslaste samfunns-låsing.

Boka tek for seg ei spanade tid for unge Arja, og avsluttar med eit attendeblikk på eit langt og innhaldsrikt liv.

NB! Dette er eit mellombels omslag.

Havfruo Forlag er eit lite, men godt nynorskforlag drive av ein gravensar og ein vossing.
Me gjev ut bøker og hefte på nynorsk. Me har tidlegare laga teikneseriane om Fjorden Cowboys og Varg Veum.

No er me mest opptekne av å gje ut Arild sine bøker om Arja.

Du kan framleis ordne deg eit godt tilbod på tidlegare bøker, som gåver til andre, eller dersom du enno ikkje har sikre deg desse.

Musikken som følgjer bok 4, Stifinnar.
Du kan kjøpe bøkene her i nettbutikken vår, eller på ein av desse stadene:

Heim Bokhandel – Steinkjelleren, Bergen
Norli Vossevangen, Voss
Norli Strandgaten, Bergen

Mange kjekke butikkar har høfleg takka nei til å selge desse bøkene. Argumenta deira – trur eg – er velkjende for mange friståande forfattarar og forlag. «Ukjend forfattar? Ukjend forlag? Vestlandet? Nynorsk? Sorry, har verken tid eller interesse. Neste!»

Arilds bruktsjappe – NYTT: mange Doctor Who-bøker!!!

Arild sel unna stasj frå lageret. Godbitar alt saman, sjølvsagt. Sjå kva du finn, her er mykje godt.

Resten av sjappa finn du her