Posted on Leave a comment

Kjøkkenmaskin «Hobart»

Kjerna på eit storkjøkken, er det komfyren? Grillen? Frityrkokaren? Oppvaskmaskina? Kan hende det er miksaren på fleire hundre kilo, med bolle på 50 liter eller meir og ein motor som kunne ha køyrt ein liten skiheis – ein gammal Hobart? Amerikansk, sjølv om namnet minner om hovudstaden på Tasmania. langt vekke. Djup, rumlande lyd, så tung og solid at den kviler på golvet. Miksar kjøtdeig og raspeballedeig som ingenting, kvernar og pressar meter på meter med pylse, kan harva sund ei ku på ein ettermiddag. Mat til alle!

Posted on Leave a comment

BMW R12 500cc


https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=2274285

Tyske motorsyklar var i jamn bruk i Noreg under krigen. Ja, jamvel svenske Monark kunne ein finne på Austlandet, nær grensa. Engelske, som Triumph, BSA, Norton og Ariel kunne ein finne etter at krigen var over, men tyske beist, som BMW, vart nytta som kurerfarkostar og gjoirde god nytte på dårlege norske grusvegar.

Då krigen var slutt vart både verktøy og køyretøy sett att i landet vårt, det var fyrst og fremst personnel ein ville ha attende til Tyskland. Både lastebilar og motorsyklar fylte store hól i norsk trafikk etter krigen og fekk kjapt plass i sivil teneste. På Vestlandet fann ein god bruk for solide og kraftige syklar på bratte teigar, der dei ofte vart nytta som ombygde tohjulstraktorar.

Så … kva gjer ein tysk kurérmotorsykkel frå 1942 i boka? Og kven køyrer den?
Denne flotte sykkelen spelar ei viktig rolle i soga om Arja Winge.

Posted on Leave a comment

Antrekk 1958

Ahhh… antrekk. Enkelt og greit.

Snikkarbukse, godt vaska. Like fin til sko og støvlar som barbeint. Mange modellar å velje mellom (men ikkje i 1957!). Plass i lommer til verktøy, kniv og kamera. Sit betre og betre dessmeir du brukar den. Trengs ikkje å vaskast i utide.

Er det varmt i véret treng du ikje topp eller skjorte, men kjem skuggane sigande kan det ver greit å pakke seg inn i ei lun flanellskjorte. Tunn eller tjukk (den me har bilete av her kan du kjøpe hjå dei gode svenskane Blåkläder – og er fora). På varme sommardagar passar det vel best med ei tunn og mjuk skjorte. Kjem i alle slags fargar, så lenge du likar blått og raudt. Kan kjøpast over alt, men er du lur går du på LL Arbeidsklede, der er den billegast. Bruk og slit og sy og kast og kjøp ein ny neste år!

Posted on Leave a comment

Ford Lastebil modell 3

Ford V3000, https://www.flickr.com/people/131561895@N06/
Ford V3000 – Bilete: 270862, Flickr, CC-BY-ND2-0

Ein gamal Wehrmacht-travar, ein Ford model 3, dukkar opp i Draumeslott. Kvifor? Skaff deg boka og sjå sjølv!

Ford er ei av dei få køyretøyprodusentane som hadde fabrikkar på begge sider undar den andre verdskrigen. I følge The Nation vart det laga eit hundre tusen bilar på fabrikkane i Kôln fram til dei vart bomba mot slutten av krigen.

Litt av forklaringa kan vere at gamle Henry Ford, du veit – han med T-Model Ford, verdas mest selde bil før krigen – var ekstra imponert over tyskarane og Føraren deira, Adolf. Difor ordna han og lobbyistane hans det slik at han fekk levere lastebilar til Wehrmacht. Som dei brukte til å frakte soldatar og materiell fram til fronten der dei skaut på fienden, bl.a. amerikanarane…
Desse (grøne) lastebilane var mykje nytta i Noreg.

Tusen takk til krigsvitaren Frode Thaule for innspel vedr. dette og anna! Det kjem meir etter kvart …