Arja: Draumeslott


Korleis var det å vekse opp på Vestlandet på femtitalet?

På eit pensjonat som foreldra driv myldrar det med gjester og slektningar, alle med sine draumar og løyndomar.

Kvifor står det ein ukjend mann på vakt utanfor den brune døra på rom 7? Kva hende i badstova i vinterferien? Og kva er det Kaptein Jameson har i skåpet sitt?

Alt dette og meir til får du svar på i den fyrste boka om Arja Winge, «pensjonatprinsessa» som naboane kallar henne. Ei berrføtt jente som dansar skotsk reel til «Hound Dog», ti år i påska 1958, der soga hennar tek til.
Sjølve boka har eit «førehandskapittel» som startar i Bergen, natta til 8. mai 1945.

«Draumeslott« er på 400 sider og kostar kr. 299.- Boka er på nynorsk, og som hjelp til lesaren er ei ordliste inkludert.
Boka vert å finne hjå Norli og Ark – eller du kan handle i nettbutikken vår. Seinare, når samfunnet er friskmeldt – vil boka vere å finne på BarBarista i Øvregaten 12. Alle som betalar med VIPPS kan dermed hente boka på BarBarista (lokal henting).


Og – når pandemien endeleg er over vil forfattaren reise litt rundt og signere og prate om boka, han har god tid.

Fylg med på Facebook: «Draumeslott» for aktuelle nyhende.

Frå omslaget:

…» Jeg må bare si at jeg synes dette ser veldig bra ut. Du skriver så bra og har så mange nerde-kunnskaper om både det ene og det andre at dette burde ligge an til å bli en skikkelig kultbok eller flere, når du kommer i mål. Jeg har jo selv en relativt folkelig smak, som ikke alltid faller sammen med den til feinschmeckerne på forlagene, men det vil være en deprimerende overraskelse om du ikke får dette antatt, enten det nå må være på bokmål eller nynorsk, for bare disse smakebitene har gitt meg lyst til å lese hele historien i sammenheng – en gang.»
(basert på utdrag frå bok 4, «Ørnereir», som kjem i 2021.)

Neste bok:

Neste bok om Arja heiter «Skispor« og kjem i november ein gong. Den tek for seg tida 1960-1962. Og det kan hende det kjem både eitt og fleire skispor i den boka …