Arja – Stifinnar

Me har fylgt Arja sidan ho var ti år, i 1958.

I fyrsteboka, Draumeslott, vart me kjende med henne, heimstaden Brekkestølen Pensjonat og familien, barndomsvenene og kjærastar. Ho likar sykkel og er redd for brann. Ho ser korleis foreldra slit med å halde både ekteskap og pensjonat i hevd.

I andreboka, ‘Skispor, fann me meir ut om gleda ho har av å gå på ski, både på fritida, og ikkje minst i skitevlingar. Ho opplever kjærleik i mange former som tenåring, men det endar retteleg gale på broren sin store BMW 500 cc, ein tysk krigar frå 1942.

I tredjeboka, ‘Mørkerom, fekk me høyre korleis det gjekk med henne etter ulukka, den som tok livet av kjærasten. Ho sleit med dette, sjølvsagt, samstundes som ho måtte kjempe mot mannen som har styrt på i skuggane i så mange år. Boka slutta med at ho fekk vite mora sin aller djupaste løyndom.

Denne siste boka er delt i to. Fyrste bolk tek for seg våren 1965, der ho, sytten år gamal, set kursen for Storbritannia og ein etterlengta ferie – som får uana konsekvensar.

Andre og siste del er eit attendeblikk på livet, der ting kjem for ein dag, slik det ofte gjer.