Salg!

Donald Duck Jubileumsbok 1988 – «Gullegg»

kr300.00 kr200.00

Vedr. porto: Me tek minimumstakst kr. 75.- for alle ordrar som me sender i posten, uansett kor mykje du handlar for . Det gjeld óg i bruktbua. Så det kan hende det vil løne seg å kjøpe noko anna samstundes 🙂

Hentar du lokalt er det sjølvsagt inga fraktkostnad …

Only 1 left in stock

Kategorier: , ,

Beskrivelse

Gjer eit kupp – samstundes som du reiser 30 år attende i tida! Eg, og mange andre Carl-Barks-fans kjøpte desse bøkene religiøst då dei kom ut,  som regel like før jol. Årets jolepresang til teikneserie-elskarar! Trur det kom rundt 10 stk totalt, og på den tida var dette den aller beste versjonen som kunne finnast av klassisk Barks-materiale – som før var kjend berre frå hefta Donald Duck & Co og nokre enkle papp-album.

Derfor var desse bøkene heite på samlarmarkedet i mange år og svært ettertrakta. Så kom desse digre og dyre «Carl Barks Samlede Verker« og då fall prisen på desse godbetane, dei gjekk for 500 eller meir for berre nokre år sidan! Desse bøkene var tekne svært godt vare på, også mine.

Desse passar svært godt for dei som har øydelagde eller utleste «jubileumsbøker», og fortener ein plass i bokhylla di.

Eg hugsar ikkje kva eg betalte, derfor set eg ein nominell gammal pris, og markerer at eg sel desse billeg for 250.-

Dette er «den grøne« og er så strøken som ei tredve år gamal bok kan vere, stått i bokhylla og godgjort seg i lang tid. Fast og fin, reint og kvitt papir og 9 fantastiske Carl Barks-historier.

Kundane melder

Ingen kundar har skrive noko enno.

Be the first to review “Donald Duck Jubileumsbok 1988 – «Gullegg»”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *